Tilsette i offentleg verksemd og private barnehagar/skularRetningslinjer for tilsette i offentleg verksemd og private barnehagar/skular ved mistanke om at barn blir utsett for vald eller overgrep. Dette skal du som tilsett gjere ved mistanke Er du tilsett i offentleg verksemd og private barnehagar/skular må du handle om du får mistanke om at eit barn eller ein ungdom blir utsett for vald eller overgrep. Akutt? Er det akutt fare for liv og helse får du avvergeplikt, og skal umiddelbart varsle politiet på 112. Dette gjeld også om du er usikker på om vald pågår. Ikkje akutt? Er det ikkje akutt (dvs fare for liv og helse der og då) har du meldeplikt til barnevernet. Dette er ei person- leg, sjølvstendig, lovregulert plikt til på eige initiativ og utan hinder av teieplikt å melde bekymringa til barnevernet. DU har ansvar for å informere leiaren din om bekymringa. Om leiar ikkje deler bekymringa eller ikkje vil melde er det DU som har ansvar for å melde bekymringa skriftleg til barnevernet. INGEN kan nekte deg å melde frå om du er bekymra, og brot på meldeplikta kan medføre straffeforfølgelse. Verken DU eller nokon andre skal informere foreldre/føresette om bekymringsmeldinga utan at dette er klarert med barnevernet – då dette kan øydelegge for politiet sin etterforskning og barnevernet sitt arbeid. I valds- og overgrepssaker kan det vere avgjerande for å beskytte barnet at foreldre ikkje blir informert! Om barnevernet eller politi henlegg saka må DU vere særs merksam på barnet si utvikling og melde frå på nytt om du fortsatt er bekymra. Dette gjer barnevernet når dei mottar melding Barnevernet vurderer først om politiet skal varslast umiddelbart for å avverge skade på liv og helse, og om det er grunnlag for å fatte akuttvedtak, dvs flytte barnet ut av heimen umiddelbart. Når bekymringa gjeld vald eller overgrep skal barnevernet alltid avklare med med politiet kva som skal seiast til foreldre/føresette og instruere meldar i forhold til dette. Om situasjonen ikkje er akutt tek barnevernet kontakt med deg som meldar for munnleg utdjuping av meldinga innan ei veke. Barnevernet drøfter saka internt, og melder eventuelt saka til politiet. Barnevernet undersøker saka vidare. Barnevernet kan sette inn tiltak eller henlegg saka. Barnevernet skal gi tilbakemelding til deg som meldar om kva som skjer vidare med saka, slik at du kan bidra til å ta vare på barnet i den aktuelle situasjonen. Politiet mottek melding Politiet mottek melding direkte frå meldar Politiet iverkset umiddelbart tiltak for å beskytte barnet. Politiet melder saka til barnevernet utan opphald, og informerer om status og gir instruksar ift. sporsikring. Politiet mottek melding frå barnevernet (hovudregelen i valds- og overgreps- saker) Politiet sikrar spor i samarbeid med barnevernet og gjennom avhør av barnet/ungdommen på Barnehuset. Politiet etterforskar saka og informerer barnevernet om status. Avslutning Politiet avslutter saka på ein av desse måtane: Politiet henlegg sak Politiet set i gang etterforskning på grunnlag av indikasjon på straffbart forhold. Kven gjer kva I dette flytskjemaet illustrerast retningslinjene som er beskrevet ovenfor. Last ned flytskjemaet med retningslinjene (PDF, 43 kB) Retningslinjer for tilsette i offentleg verksemd og private barnehagar/skular ved mistanke om at barn blir utsett for vald eller overgrep. Publisert 05.02.2021 11.21