Har du mistanke om vald i nære relasjonar? Kva gjer du som tilsett, kollega eller venn ved mistanke om vald i nære relasjonar mellom vaksne? Avvergeplikt Gjennom straffelova § 196 har vi alle ei personleg plikt til å anmelde eller på annan måte avverge og hindre straffbare forhold. Dette er eit personleg ansvar og det overstyrar teieplikta. Muted Liza Hasan Kva gjer du? Rådføring Er du usikker på kva du skal gjere kan du drøfte saka med krisesenter eller politi. Informasjon om hjelpetilbod Hjelp den valdsutsatte med å komme i kontakt med hjelpeapparatet. Krisesentertilbodet Alle som er utsatt for vald eller overgrep frå partner, familie eller andre i nære relasjonar kan få tilbod om beskyttelse, sikkerheit, råd og rettleiing. Ein treng ikkje vere i akutt krise for å få hjelp. Tenesta er gratis og tilgjengeleg heile døgnet. Du kan ta direkte kontakt og treng ikkje tilvising. Handlingskort - slik kan du gå frem I desse handlingskorta har vi samla tips og informasjon om korleis ein skal handle ved mistanke om vald og overgrep i nære relasjonar. Sjå Sår og blåmerke Brann- og kuttskade Sjølvskading Konsentrasjonsproblem Søvn- og spiseproblem Uro og utagerande åtferd Endring i sinnsstemning Avtalar blir ofte endra Familien motsett seg innsyn Hyppige legebesøk med diffuse symptom Reaksjonar ved kroppskontakt Bruk av rusmiddel Spør Prøv å få til ein dialog. Start gjerne med: Eg har lagt merke til at… Beskriv det du ser: du er ofte borte frå jobb du virkar sliten du har blåmerke på armen Fortsett med: Det gjeld kanskje ikkje deg, men mi erfaring er at mange som ikkje har det greit heime kan få slike plager. Korleis har du det eigentleg heime? Tips Prøv å unngå ordet vald Still opne spørsmål Bruk aktiv lytting som - hmmm…fortell meir om det.., Kva gjorde du?, - Kvar var du? - Korleis opplevdes det? osv. Gjenta nøkkelord i det som blir sagt. Unngå vurderingar av det som har skjedd: Oi, så forferdelig, osv. Tips Prøv å unngå ordet vald Still opne spørsmål Bruk aktiv lytting som - hmmm…fortell meir om det.., Kva gjorde du?, - Kvar var du? - Korleis opplevdes det? osv. Gjenta nøkkelord i det som blir sagt. Unngå vurderingar av det som har skjedd: Oi, så forferdelig, osv. Avklar Korleis artar valden seg? Slag, trugslar, seksuell tvang Lugga, brent, audmjuka eller latterleggjort Manglande råderett over eigen økonomi Sosial kontroll Øydelegg ting vedkomande er glad i Kjæledyr blir mishandla Tvangsekteskap, kjønnslemlesting Kor alvorleg er valden? Er det fare for liv og helse? Beskriv kva som skjedde. Er du redd noko skal skje i framtida? Har du tidlegare vore i kontakt med politi eller krisesenter? OBS! Kan barn ha vore vitne til valden? Send bekymringsmelding til barnevernet. Å vere vitne til vald kan vere like skadelig som å sjølv bli utsett. Risikofaktorar Samlivsbrot, tidlegare valdsepisodar, tap av ære, rus og tilgang til våpen kan gi auka risiko for grov vald og partnerdrap. Akutte situasjonar Ved alvorlege truslar og/eller fysiske skader, ring politiet på telefon 112! Kontakt overgrepsmottaket eller legevakt for undersøkingog sporsikring. Telefon 116 117. Unngå kroppsvask før undersøkinga. Ved halsgrep bør ein alltid ha legetilsyn. Tilby den valdsutsatte å kontakte Krisesenteret for Sunnmøre. Avdeling kvinner og barn: 70 16 33 33 Avdeling menn og barn: 90 70 74 33 Last ned handlingskort for vaksne i brosjyreformat (PDF, 429 kB) Kven kan du kontakte? Døgnopne telefonar Politi: 112 eller 02800 Krisesenter for Sunnmøre: 70 16 33 33 og 94 53 99 45 Legevakta: 116 117 Barnevernvakta: 91 57 60 20 Overgrepsmottaket: 116 117 Publisert 04.02.2021 13.38