Har du mistanke om vald og overgrep mot barn?Kva gjer du som jobbar med barn, er offentleg tilsett, eller nabo om du mistenker at eit barn er vitne til vald eller blir utsatt for vald eller overgrep? Avvergeplikt Gjennom straffelova § 196 har vi alle ei personleg plikt til å anmelde eller på annan måte avverge og hindre straffbare forhold. Dette er eit personleg ansvar og det overstyrar teieplikta. Meldeplikt Du har sjølvstendig plikt til å melde frå til barnevernet og politi ved mistanke om vald eller overgrep. Dei har ansvar for å undersøkje saka og avgjere vidare tiltak. Creeping darkness Liza Hasan Kva gjer du? Kva gjer du ved mistanke om at eit barn er vitne til vald eller blir utsatt for vald eller overgrep? Sende inn ei bekymringsmelding til barnevernet og politi. Den skal innhalde: Personalia Grunn til bekymring Skildre av kva du har sett, høyrt, observert, og når. Oppgi kontaktperson og fortel kva som er gjort. Rådføring Er du usikker? Ring barnevern, politi, krisesenter eller barnehus for råd og rettleiing. Handlingskort - slik kan du gå frem I desse handlingskorta har vi samla tips og informasjon om korleis ein skal handle ved mistanke om vald eller overgrep mot barn. Sjå Sår og blåmerke Brann- og kuttskade Søvn- og spiseproblem Magesmerte Endring i sinnsstemning Sosial tilbaketrekking Utagerande eller «pleasande» åtferd Sårheit, smerter i underliv Seksualisert åtferd Sjølvskading Hyppige legebesøk og innleggingar på sykehus (med diffuse symptom) Dårleg tannhelse Familien motsett seg innsyn Bruk av rusmiddel Vald hanlar om meir enn å slå. vald kan vere minst like skadeleg som å sjølv bli utsatt. Spør Spør barnet kva som har skjedd, på ein ivaretakande måte. Ver nysgjerrig og utforskande. Start gjerne med: Eg har lagt merke til at... Skildre det du ser: du ofte har vondt i magen... du virkar sliten/trøtt/trist du har blåmerke på armen Tips Gjenta det barnet seier. Still opne spørsmål, ikkje leiande. Bruk støtteord som hmm... - ja, fortel, fortel meir Spør gjerne fleire gongar. Avtal gjerne eit nytt møte med barnet. Skriv logg. Avklar Eit barn kan fortelje om hendingar i f.eks. ei samlingstund. Ta opp igjen tråden så snart som råd. Det du sa i dag, kva meinte du da? Eg var ikkje der, fortel så godt du kan… Kva skjedde vidare då? Du har fortalt meg om… Utvis varsemd og ikkje spør for detaljert. La barnet fortelje med eigne ord. Lag utfyllande notat. Synleg- gjer at det barnet har fortalt er viktig. Ikkje lov barnet at du ikkje skal seie det til nokon. Forklar barnet at du må snakke med nokon andre vaksne om det barnet har fortalt. Du kan rådføre deg med barnevern, krisesenter barnehuset eller politi. Informer leiar om di bekymring. Legg ein plan for vidare handtering. NB! Ved mistanke om vald og overgrep mot barn skal IKKJE foresatte bli kontakta. Akutte situasjonar Når du har grunn til å tru at eit barn blir utsatt for vald eller overgrep, eller kjem til å bli utsatt for det, har du plikt til å handle: ved fysiskeskader ved alvorlegetrugslar ved mistanke om seksuelleovergrep når barnet viser redsel for å gåheim når barnet blir henta av rusaforeldre Varsle politi og barnevern umiddelbart! Politi:112 Barnevernvakta: 91 57 60 20 Last ned handlingskort for barn i brosjyreformat (PDF, 407 kB) Kven kan du kontakte? Døgnopne telefonar Politi: 112 eller 02800 Krisesenter for Sunnmøre: 70 16 33 33 og 94 53 99 45 Legevakta: 116 117 Barnevernvakta: 91 57 60 20 Overgrepsmottaket: 116 117 Telefon kun på dagtid Statens Barnehus Ålesund: 70 11 88 50 Publisert 04.02.2021 13.39